Hytter

Voss Resort

Hytter i Voss Resort

Bu i moderne sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra!

Hyttene i Voss Resort er av høg kvalitet og godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald.
Dei fleste har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter.Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 8 personar. Kvar hytte er sett saman av to einingar, og er anten vertikal- eller horisontaldelt.

 

Voss Resort tilbyr fem ulike hyttetypar: 

 GRuppe areal m2 sengeplassar* merknad
1 55 4 (5) 2 soverom
2 60 4 (6) 2 soverom, sauna
3 60 + hems 6 (8) 2 soverom, hems, sauna
4 80 – 85 6 (9) 3 soverom, sauna
5 95 + hems 8 (11) 3 soverom, 2 etasjar + hems, 2 stk WC, sauna

*sengeinndelinga varierer frå hytte til hytte. Sjå meir informasjon om kvar hyttegruppe nedst på sida.
 

Prisar 2017

Prislista gjeld frå 1. mai t.o.m. 30. november 2017.
Andre prisar gjeld under Voss Cup 16 – 18 juni og under Ekstremsportveko 25. juni – 2 juli.

 gruppe pris, per døgn utvask
1 Kr. 1420,- Kr. 650,-
2 Kr. 1540,- Kr. 750,-
3 Kr. 2190,- Kr. 850,-
4 Kr. 2535,- Kr. 1150,-
5 Kr. 2970,- Kr. 1250,-

Leige av sengetøy: kr. 150,- per person (inkluderer sengetøy og 2 stk håndkle)


Om hyttene

Alle hyttene er individuelt innreia og møblert.

Gruppe 1:
Hyttene er på ca. 55 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad, stove, kjøkken og de fleste har vedomn. Hytteeiningane i overetasjen har utgang til eigen altan, underetasjen har utgang til plen eller terrasse.

Gruppe 2:
Hyttene er på ca. 60 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad med sauna, kjøkken og stove. Alle hyttene i denne gruppa er plassert i underetasje med utgang til eigen plen eller terrasse. Det er ikkje vedomn i denne hyttegruppa.


Gruppe 3:
Hyttene er på ca. 70 m² fordelt på i hovudsak eitt plan, og har to soverom, hems, bad med sauna, kjøkken og stove. Nokre har to toalett.


Gruppe 4:
Hyttene er på ca. 80 m². Omlag halvparten av hyttene i denne kategorien er fordelt på to plan, resten går over eitt plan. Hyttene har tre soverom, bad med sauna, kjøkken og stove, og nokre har to toalett. Einingar som går over eitt plan har utgang til både altan og terrasse, eller plen.


Gruppe 5:
Hyttene er på ca. 100 m² fordelt på to plan. Dei har òg hems, tre soverom, bad med sauna, ekstra toalett, kjøkken og stove.

 

Booking

Sjå våre bestillingsvilkår her.
For booking, ta kontakt med oss på tlf. 4700 4700 eller post@vossresort.no

 

 

 

Kontakt oss

tlf: +47 4700 4700
post@vossresort.no

Voss Resort Bavallstunet
Bavallstunet 26
5700 Voss 

Undermeny